Utanlandske medarbeidarar

​Vi arbeider for å knyte til oss dei beste fagfolka i Helse Vest Innkjøp og vil leggje til rette for at alle medarbeidarar skal trivast og yte sitt beste. Vi skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. 
 
​​​​Medarbeidarane våre er den viktigaste ressursen vår. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert samansetnad når det gjeld kjønn og alder, og å rekruttere kvalifiserte personar med innvandrarbakgrunn.

Ved tilsetting blir det stilt dei sa​​​me krava til utanlandske borgarar som norske:

• Du må kunne kommunisere på norsk skriftleg og munnleg
• Du må kunne vise fram gyldig opphalds- og arbeidsløyve der dette er eit krav
• Du må framvise autorisasjon der det er eit krav.
•Politiattest til stillingar der det er påkravd, for eksempel i arbeid med barn og psykisk utviklingshemma.
•Rett dokumentasjon på vaksinasjon.


Hovudreglar opphaldsløyve for arbeid:​

• EØS-borgarar (EU og EFTA) kan registrere seg i Norge i staden for å søke opphaldsløyve for arbeid. EØS-borgarar skal registrere seg hvis dei skal opphalde seg og arbeide i Norge i over tre månader. Det er politiet som administrerer denne ordninga.
•Nordiske borgarar har opphaldsløyve for arbeid i Noreg.
•Statsborgarar utanfor EØS må som hovudregel søkje opphaldsløyve.
•Har du mellombels opphaldsløyve for arbeid må du opplyse om dette til arbeidsgivaren din. Løyve må fornyast seinast ein månad før det går ut.
•Skjema for registrering og søknad om opphaldsløyve for arbeid i Norge finn du på UDI sine nettsider.
•Opplysingar om skattekort og ID-kontroll, krav til dokumentasjon og søknadsskjema finn du på Skatteetaten sine nettsider eller nettsidene til Ny i Norge.
•I samband med søknad om skattekort og ID-kontroll får du tildelt norsk fødselsnummer/ID-nummer. Opplysningar om dette får du via Skatteetaten eller Ny i Norge sine nettsider.
•For å opne bankkonto for utbetaling av lønn i Noreg må du ha norsk fødselsnummer.​

Meir informasjon

UtlendingsdirektoratetPolitiet
​​​​Logo
Organisasjonsnummer 915 536 255
Telefon 55 97 67 00
Helse Vest Innkjøp HF
Haukelandsbakken 45, 5021 Bergen        
​​​​