Nasjonalt helseføretak for innkjøp får hovudkontor i Vadsø

Helse- og omsorgsminister Bent Høie annonserte på ein pressekonferanse i dag at hovudkontor for ny nasjonal innkjøpsfunksjon for sjukehusa blir lagt til Vadsø. Vadsø er valgt som hovudkontor for å byggje vidare på kompetansen og ressursane som allereie er i HINAS.

 

​– Helse Vest RHF ønskjer det nye føretaket velkommen, seier administrerande direktør, Herlof Nilssen, i Helse Vest RHF.

– Når statsråden plasserer hovudkontoret i Vadsø, er vi glade for at han samstundes understrekar at det er viktig med sterke, regionale einingar. For Helse Vest betyr dette at etableringa av Helse Vest Innkjøp HF går som planlagt. Vi vil samarbeide nært med det nye nasjonale helseføretaket for å finne gode løysingar for åra som kjem, slik at vi kan nå dei overordna måla som er sette for innkjøpsområdet i spesialisthelsetenesta.