Jannicke Daae Tønjum er utdanna ingeniør og siviløkonom, og kjem frå stillinga som administrerande direktør i Sjukehusapoteka Vest HF (helseføretak). Før dette har ho hatt stillingar som partnar i rådgivingsfirmaet Firstventura (no Inventura), innkjøpssjef i Helse Bergen og innkjøpsdirektør i SpareBank 1 Gruppen.
Godt rusta
– Eg er svært tilfreds med at vi har fått ein kompetent ny administrerande direktør for verksemda. Med sin bakgrunn som administrerande direktør i Sjukehusapoteka Vest, men også med erfaring frå stillingane som innkjøpssjef i Helse Bergen og i SpareBank 1 Gruppen, er ho godt rusta til å sikre at vi når måla vi har sett oss for vidareutvikling av innkjøpsområdet i Helse Vest, seier styreleiar Per Karlsen i Helse Vest Innkjøp HF.
Gler seg
Jannicke Daae Tønjum ser fram til å ta fatt på oppgåvene i det nye føretaket.
– Eg gler meg til å få vere med og samle og vidareutvikle det allereie sterke og kompetente innkjøpsmiljøet i spesialisthelsetenesta på Vestlandet. Ved å vere tett på pasientbehandlinga og pleia i sjukehusføretaka skal vi saman byggje eit innkjøpsselskap som understøttar god pasientsikkerheit, utvikling og innovasjon og god kostnadsstyring i Helse Vest.
Jannicke Daae Tønjum tiltrer stillinga i løpet av hausten 2015.
Om Helse Vest Innkjøp HF:
•Stifta i styremøte i Helse Vest RHF 7. april 2015.
•Blir formelt etablert 1. november 2015.
•Helseføretaket skal tilby gode innkjøpstenester til helseføretaka i Helse Vest, og bidra til korrekte og økonomisk fordelaktige innkjøp til helseføretaka
Kontaktpersonar for media:
Per Karlsen, mobil 415 33 806
Jannicke Daae Tønjum, mobil 982 32 156