Leverandørkontakt

Helse Vest kjøper varer og tenester for om lag 5 milliardar kroner kvart år. Helseføretaka har behov for varer og tenester og dette blir behandla gjennom bestemte prosessar og regelverk for anskaffingar.

Grunnleggande prosessar og regelverk

Dei tre hovedprosessane for anskaffingar er:

• Nasjonale anskaffingar (Helseforetakenes Innkjøpsservice AS)
• Regionale anskaffingar
• Lokale anskaffingar

Alle prosessane følgjer Lov og forskrift om offentlege anskaffingar. Dette regelverket skal medverke til at det offentlege opptrer med stor integritet, slik at allmenta kan ha tillit til at kjøp til offentleg sektor skjer på ein samfunnstenleg måte. Blant dei grunnleggande krava i regelverket er:

• god forretningsskikk
• høg forretningsetisk standard i den interne saksbehandlinga
• lik behandling av leverandørar

Anskaffingar i Helse Vest

Alle anskaffingar i Helse Vest sin regi skal, så langt det er mogleg, vere basert på konkurranse, og anskaffingsprosessane skal være føreseielege, gjennomsiktige og mogleg å prøve i ettertid.

Innkjøpsavdelinga i Helse Vest RHF har det overordna ansvaret for styring og samordning av dei regionale og nasjonale anskaffingsprosessane. I dette ligg òg ansvaret for kategoristruktur og styring.

Det operasjonelle innkjøpet (avrop på rammeavtaler/bestilling av varer og tenester) skjer på det enkelte helseføretak gjennom elektroniske bestillingssystem.

Helse Vest ønskjer eit konstruktivt samarbeid mellom helseføretak og leverandørar basert på tillit, openheit og gjensidig respekt. I samarbeid med dei andre helseregionane er det utarbeidd fleire dokument, avtalar og retningslinjer for å sikre eit godt samarbeid mellom leverandørar og helseføretaka.