Kontraktkrav

​Helse Vest Innkjøp HF har ansvaret for forvaltning av inngåtte avtalar. I avtalane våre fokuserer vi på at det skal nyttast kontraktvilkår som er balanserte og som tek hand om viktige samfunnsomsyn som miljø og etikk. Vi er og opptekne av at så mykje som mogeleg av samhandlinga mellom kjøpar og leverandør skjer på ein elektronisk og sporbar måte, og at elektronisk handel blir nytta fullt ut.

For å sikre at leverandørane våre gir oss leveransar til dei vilkåra som er avtalte, vil Helse Vest Innkjøp HF fokusere på gode rutinar og prosedyrar for oppfølging av kontraktkrava.

Formelle krav

Les meir om leverandørkontakt
Les meir om elektronisk faktura og -kreditnota

Malar og skjema

Ta kontakt med oss for å vite meir om malar og skjema.

Etiske krav

Helse Vest Innkjøp har globale leverandørkjeder som ofte er komplekse og uoversiktlege. Produksjonen skjer ofte i andre delar av verda, der omsynet til rettane for arbeidarane ikkje alltid er godt ivareteke. Vi stiller derfor etiske krav i anskaffingane våre, og følgjer desse opp for å sikre best moglege arbeidsforhold ved produksjonsstadene.

Nyttig fra anskaffelser.no

Les meir om Ehandelsplattformen
Les meir om Samhandlingsavtalen
Les meir om EHF-faktura
Les meir om Godkjent elektronisk aksesspunkt