Anskaffingar i Helse Vest

​Helse Vest Innkjøp HF har ansvaret for å gjennomføre anskaffingar på vegner av føretaka i Helse Vest. Gjennom effektive, rasjonelle prosessar og i tett samarbeid med føretaka, sørgjer Helse Vest Innkjøp HF for avtalar på varer og tenester til riktig kvalitet og riktig pris - som støtter opp under kjerneverksemda i føretaka.

Den enkelte anskaffinga kan vere på vegner av eitt enkelt føretak eller på vegner av fleire føretak i ei samla anskaffing. Det kan også vere aktuelt at anskaffinga er nasjonal og gjeld alle helseføretaka i Noreg.

Ved sistnemnde tilfelle vil anskaffinga bli gjennomført av Helseforetakenes Innkjøpservice AS (HINAS), men Helse Vest Innkjøp har det praktiske koordineringsansvaret inn mot føretaka i Helse Vest.