Samfunnsansvar

Helse Vest Innkjøp kjøper varer og tenester til helseføretaka/sjukehusa i Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland. Over 1 million innbyggjarar i desse fylka er avhengige av at dei får dei rette produkta til rett tid. Som ein betydeleg offentleg innkjøpar, har Helse Vest Innkjøp i tillegg eit ansvar for å forvalte pengane til skattebetalarane på ein økonomisk og samfunnstenleg måte.

​Vi må stille krav til produksjonen

Dei vala vi gjer i innkjøpsprosessane, får også konsekvensar for langt fleire menneske enn oss sjølve, og for miljøet på jorda. Ein stor del av produkta våre er produserte i andre delar av verda. Ofte er produksjonsforholda svært ulike de forholda vi er vant til her i Norge, og blir ofte prega av at det blir teke mindre omsyn til miljøet ved produksjonen. Det er i mindre grad teke omsyn til arbeidsforholda på staden.

Vi kan påverke desse forholda ved å stille krav til miljøvennleg produksjon og produkt, og til at dei grunnleggjande arbeidstilhøva og rettane til arbeidstakarane skal ivaretakast. I denne samanhengen er det også viktig at vi motarbeider korrupsjon i leverandørkjedene våre. Dette har direkte samanheng med at slike uønskte element kan utfordre arbeidet vårt i negativ retning, ved at miljøskadeleg produksjon og dårlege arbeidsforhold kan dekkjast over, og til at kostnadene aukar.

Helse Vest Innkjøp i vedtektene sine slått fast at vi skal «... sørgje for at anskaffingane blir utført på ein etisk og miljømessig forsvarleg måte, i tråd med dei pliktene helseføretaka i Helse Vest har tatt på seg på dette området».

Tenkje på miljøet, alltid

Vurderinga av miljø og samfunnsansvar er derfor en viktig del av vurderingane vi må gjere ved anskaffingane våre, og ved oppfølginga av kontrakten. Helse Vest Innkjøp er del av samla innkjøp i offentleg sektor, som er av et slikt omfang at vi er ein viktig bidragsytar til å sikre ein bærekraftig innkjøpspolitikk i Noreg og resten av verda. Vi må både sørgje for å spørje etter mest mogleg miljøvennlege produkt, og sørgje for etiske leverandørkjeder for produsentane våre.

Sjølv om mange av dei varene vi kjøper er produserte i andre delar av verda, vil produksjonen påverke dei globale utsleppa og dermed vår felles framtid på jorda. Samtidig vil arbeidsforholda til dei som produserer varene våre, vere like viktige å sikre, som at vår eigen arbeidskvardag er sikker og forsvarleg. Vi må stille oss spørsmålet:

«Kan vi akseptere å kjøpe produkt for å reparere og hjelpe innbyggjarane våre, om desse er produsert på en slik måte at miljøet på jorda blir skadd, og arbeidarane si helse øydelagd?». For dei fleste er vel svaret opplagt: Vi kan ikkje akseptere å bidra til at dette skjer. Men det er det lett å distansere seg frå dette dersom produksjonen skjer på den andre sida av jorda, og kunnskapen om forholda ikkje er kjent.

Miljøvennleg og etisk forsvarleg

Helse Vest Innkjøp skal derfor sørgje for at produksjonsstadene våre er mest mulig kjente, og at vi gjer det vi kan for å sikre at produksjonen av varer som blir levert til sjukehusa våre er mest mogleg miljøvennleg og etisk forsvarleg.

Arbeidet er ressurskrevjande, men Helse Vest Innkjøp satsar på å dra nytte av samarbeid med dei andre helseregionane, og medlemskapa våre i Initiativ for etisk handel, Svanens innkjøparklubb og Grønt Punkt Norge. Dei nemnde medlemskapa er også forpliktande, og bidreg derfor til kontinuerleg utvikling av arbeidet vårt for å fremme omsynet til miljø og etisk handel.

Relaterte lenker

Svanemerket

IEH - Initiativ for etisk handel

​​​​Logo
Organisasjonsnummer 915 536 255
Telefon 55 97 67 00
Helse Vest Innkjøp HF
Haukelandsbakken 45, 5021 Bergen        
​​​​